Om oss

Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss kommune. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet. 

Interessegruppa for Hedleberget starta i 2005 arbeidet med å sjå på moglegheiter for utvikling av Hedleberget som attraksjon. Fokuset for dette arbeidet er å bevara historien til og bygningane på Hedleberget med mål om å kunne visa dette fram. Hedleberget har ein industrikulturhistorisk verdi, og kring 200 års uttak av skifer har gitt området eit veldig synleg preg. Dette saman med godt bevart historie gjer dette til eit velegna produkt for reiselivs-næringa. Ved inngangen av 2013 er det dagleg drift i skiferbrotet, med ein arbeidar att.

Målet for gruppa er å sikra historia på Hedleberget og Voss Skiferbrud AS, samt skapa opplevingar og vidareføra handtverket. Dette skal føra til fleire arbeidsplassar innan produksjon og turisme.

Medlemmer i Interessegruppa for Hedleberget
Styret:
Leiar: Ingmar Hårklau
Nestleiar : Gunnar Gjerme
Kasserar: Åse Margrethe Kyte
Skrivar: Jan Olav Grevle
Styremedlemmer:  Kristin Lemme, Odd Tverberg og grunneigarrepresentant Svein Kyte.
Vararepresentantar Nils Gjøstein og Oddbjørn Hårklau.
Revisor Knut Kvamme og Gerd Møen.

Årsmedlingar:
Årsmelding 2015
Årsmelding 2014
Årsmelding 2013
Årsmelding 2012

Medlemskap
Ynskjer du å motta informasjon og invitasjonar til ting på Hedleberget? Send ein epost på post@hedlebergetvoss.no og betal eit årleg kontingent på kr 100,-. Då støttar du vårt arbeid med å ta vare på historia til Hedleberget! Bankkonto: 3480.14.21360.

Ynskjer du ta kontakt på andre måtar;
Interessegruppa for Hedleberget,
Langbrekk 7,
5706 Voss
Telefonnummer: 918 95 205