Vamp!

Endeleg kjem Vamp til Hedleberget - hald av laurdag 25. august! I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt aller fyrste album, ”God morgen søster”. Vamps velkjende song Tirn’a Noir er frå dette albumet. Dei starta samarbeidet med lyrikaren Kolbein Falkeid i 1991, og allereie året etter fekk dei platekontrakt. ”Tirn’a Noir” vart sluppe som singel og starta eventyret på alvor. Vamp snappa sin fyrste Spellemann framfor ringrevane Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum med sitt fyrste album.

I dag tilhøyrer Vamp eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela. Som veret på Vestlandet er dei fulle av kontrastar; frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har seld plater i bytter og spann, og hausa mykje heider og æra, mellom anna fem Spellemannpriser og Prøysenprisen. Seinast i fjor haust fekk dei Medaasprisen for 2017. I 2017 kom også deira til no siste album, ”La la la”, ut.

Katalogen er full av kjende og kjære favorittar som dei kan ausa av på konsertane sine. Det er berre å gle seg.

Vamp består av:
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Bjørn Berge: gitarer, banjo, vokal  
Kjetil Dalland: bass, kor  
Lars Eirik Støle: orgel, trekkspel, kor

Gratis buss tur/retur Tinghusplassen. Sal av mat og godt drykk. Kle dykk etter véret - konserten er utandørs!

Informasjon

Tid laurdag, 25 august 2018
Pris kr 450