Konsert med Slomosa

Slomosa held konsert på Hedleberget fredag 25. august! Dørene opnar kl 18, og Duesund er med som oppvarming.
Det er mogleg å kjøpa billett med og utan buss tur/retur: TicketCo
Program:
1800 "Dørene" opnar
1815 Buss går frå Voss busstasjon
1900 Duesund
2100 Slomosa
2215 Buss går i retur til Voss busstasjon
Heilt sidan premieren på debutsingelen Horses hjå NRK Stjernepose, som kåra låten til ein av dei beste i 2019, har ørkenrock-beistet Slomosa skapt bylgjer i inn- og utland. Deirans sjølvtitulerte debutalbum på Apollon Records sommaren 2020 mottok mellom anna terningkast 6 av Bergens Tidende og 8/10 av Metal Hammer UK. Bandet har herjet Europa i 2022 på turné med legendene i Stöner (US), i Orange Goblin (UK) og i Sasquatch (US).
Support: Duesund
Duesund hadde sin debutkonsert på Voss i juni, og er i full gang med innspeling av album. Sist besto bandet av Duesund med bassisten Eline Rafteseth, men denne gonga stiller bandet i kvartett! I tillegg til Duesund og Rafteseth får du høyre Jens Kristian Mørkeby Rimau på tangentar og Elisabeth Lid Trøen på saksofon. Det vert nære og ærlege tekstar i viselandskapet, ispedd litt folkemusikk, litt jazz, litt pop og litt Hege Skøyen-fakter. Om du likar TundraRock, så likar du garantert Duesund…!
Kulturkveld i Songveshytta

- Atle Ove Martiniussen har kåseri om: “Kveiken gjennom tida og stoda i dag” med smaksprøve
- Laila Rynning Veum: Petit-kåseri om “Kveiken i kunsten”
- Musikkinnslag av trekkspelvirtuosane Steinar Hårklau og Odd Hagen
- Komframogsier: Lyder Veum
Sal av forfriskingar
Start kl. 19. NB! Steinsenter / utstilling er open frå kl. 18
Billett kr 150,-
Førehandsbetal på Vipps nr. 113116. Avgrensa tal på plassar.
Velkomen!
Trekkspelkveld i Songveshytta

Velkomen til Songveshytta på Hedleberget. Laurdag 23. april 2022 vert det arrangert trekkspelkveld i Songveshytta. Trekkspel-virtuosane Steinar Hårklau og Odd Hagen kjem for å underhalda med god trekkspelmusikk!
Dørene opnar kl. 18.00. Konsertstart kl. 19.00. UTSELT !
Sal av forfriskingar. Hjartelig velkomne til ein trivelig kveld på Hedleberget!
Open dag på Hedleberget

kl. 11.30 Demonstrasion av skiferarbeid, kløyving og skanting v/Jan Olav Grevle
kl. 12.30 Guida historietur på del av kultursti inn til Songveshytta v/Ingmar Hårklau
kl. 13.30 Kåseri om Myrkdalen "Skildringar frå ei tid som var" v/Brita Tveite
- Ope ved museet
- Ope ved Sigurdbenken
- Kultursti
- Smed Kjell Tvilde, smedarbeid
- Seniosløyden, trearbeid
- Jan Olav Grevle, skiferprodukt
- diverse
Kafé ved fellesbrakka og Songveshytta
Parkering nedanfor fellesbrakka og ved bom.
Sjå elles facebook-sida vår.
Interessegruppa for Hedleberget
Dumpster Divas

Endeleg kan du oppleva desse to sprudlande damene i levande live igjen!
Trine og Helle har brukt korona-året på å laga barn, skriva ny musikk og ferdigstilla debutalbumet sitt. Dei har drøymt om å gjera ein konsert i fantastiske Hedleberget lenge - og no skjer det! Denne kvelden får du ei deilig blanding av nye og gamle låtar, og ikkje minst har dei med seg eit heilt nytt band i ryggen!