Bjørn Tomren på Hedleberget

Endeleg er det klart for konsert på Hedleberget att! Bjørn Tomren tek turen fredag 2. juni. "Dørene" opnar kl 17.00, med servering av mat og god drykk. Konserten startar kl. 1900.

Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å verta folkeeige, og vart omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn fylgde opp tv-suksessen med ein lang turne og utselde konserthus over heile landet.

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som m.s. har varma opp for a-ha og har vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv – «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut det fyrste albumet sitt, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytta til i bakrus...

Som ein av dei mest allsidige musikarane i landet spenner Tomren si musikalske rekkjevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protestmusikk.

Bjørn Tomren har òg gjennomført fleire ekspedisjonar og har verdsrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.

Han kan òg sjå tilbake på kort ei karriere som klovn. Eller som forfatteren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul».

Det er ikkje lov å nyta medbrakt drykk på Hedleberget sitt område.

 
Billett: kr 450 Kjøp på Ticketco her

Informasjon

Tid fredag, 02 juni 2023